Pressemelding: Silde-Iver's konsert i Heimskringla 11. Jan.

Ungdomens kulturmønstring vil som tidlegare offentleggjort finne stad i Stryn Kulturhus laurdag 11. Januar. I samband med dette vil det bli anledning til å tilskodere ein konsert med verdens beste band. Evenementet er lokalisert til Den Glade Heimskringle, og vil byrje straks etter at arrangementet i Den Store Sal er avslutta. Med forbehold om stabile kaffiprisar vil det òg bli servert eventuelle kanapèrestar frå pressekonferansen. Billettar til presse-konferansen kan skaffast ved å kontakte manager Lunde over elektronisk post. Den same elegante Herr Lunde vil organisere heile forestillinga via mobiltelefon frå sitt kontorbyrå på Ås.

På grunn av Silde-Iver's sin intergenerasjonelle appell vil evenementet vere tilgjengelig for alle, dog med forbehold om at ein har tilgong på ei viss mengde investeringskapital. For å berolige engstelige sjeler kan vi i den anledning tilføye at det er kalkulert med at publikum si oppleving av arrangementet sin underhaldningsverdi minst vil vere i samsvar med det beløp den enkelte blir fakturert for ved inngongen. Vidare vil vi på det sterkaste oppfordre publikum om å bringe med seg rikeleg kaffi, appelsinar og pølser på termos, då det er venta at forestillinga vil strekke seg over fleire dagar. Ved å tiltale Butler Edmund på foreskrifts-messig korrekt måte, vil Cancheé apertiff bli servert til avnyting i foajéen før den konsert.

Silde-Iver's vil også oppmode unge piker til ikkje å besvime av begeistring under konserten. Etter at konserten er over og en udiskutabel suksess har funne stad vil sjølvaste Silde-Iver skjenke kvar frammøtte pike eit kyss på kinnet. Det vil òg bli trukke ut ein heldig vinnar på inngongsbiletten som vil få sitte på Iver sitt fang i fleire timar. Ut over kvelden kan det bli mange hyggelege leikar og spennande konkurransar i beste Silde-regi. Det vil kanskje bli dyre premiar til nesten alle, dersom antall tilskodarar overskrider kritisk mengde for premieutdeling. Silde-Iver's har i anledning 1000 års jubileumet i Trondheim komponert ein song til ære for buekorpsa i Bergen. Denne vil saman med et bredt repertoire bli framført med stil og sjarm av dei gjenlevande medlemmane i Silde-Iver's.

Folk som kjem til konsertlokalet i karjolar og hestedrosjer blir oppmoda om ikkje å parkere desse rett framfor inngongen, men på dertil henvist plass. Førehandstinging av parkerings-plass til hest kan tingast på førehand. Dersom allmuen skulle vere usikre på korleis ein skal kle og oppføre seg for å få maksimal kulturoppleveing, så vil Silde-Iver's i dagane før konserten svare på spørsmål på kostbar mobiltelefon med nr. 94451788

Med vennlig hilsen

Silde-Iver's