Pressemelding frå Silde-Iver's - 22. Mars 1997
Langt om lenge, og lenger enn langt, fem vise menn på veg over fjellet etter konjakk. Overraska av ein frykteleg storm der lemmar av kjøtt fall ned med kvalmande langsomheit. Angrepne av eit kobbel med blodtørstige slankepulver, men fann ein kronespelautomat lettare henslengt ved elvekanten.
Manager Lunde ønskte velkomen til eit storslagent nest siste måltid i anledning G35-konferansen på Hotel Inkontinental. Menyen bestod av speilegg steikt i ofra Roquefår og brun gammalost. Tema for konferansen var egosentrifugalismens substitutt av den avdøyande sosialismen, og inngangsbilletten var satt til femogtyve øre.
Mr. Dow Jones heldt ein frisk innleiingstale på i underkant av ein kvadrattime, og det var duka for den debatt. Panelet bestod av spesialimporterte blikkenslagere, vispesnekkere, pyramidespillere, reglemakere og hestehandlere frå det tidlegare Albania, og møtet gjekk relativt raskt over i ein nonfigurativ Polsk Fridag. Etter at desse trivialitetane var unnagjorde sette møtedeltakarane seg ned for å planlegge organiseringa av fanklubben til verdens beste band; Silde-Iver's
På den Gule Onsdag vil for ein rimeleg penge blir gode muligheiter for døyving av kastrasjonsangst i eit metafiksjonelt interkulturalistisk perspektiv. 150 oratoriesongarar frå Ukraina vil akkompagniere den linjalspelande grev Roxxenborg af Lade, i samspel med fem unge menn på nesten tredve.
Scenearbeidarar frå Lampeland vil dele ut smaksprøver frå “La Cappuchina” samt auksjonere bort russiske Au-Pair'ar. Det elektriske musikkformidlingsanlegget på Guinness Pub vil bli dreven av eit på rekordtid montert Kattkraftverk i den bakgaard. Tilskodarar frå Klappeland ønskast særskilt velkomne forutsatt at spanske flugehunder haldast i band, og at sjøkalvar henleggast i garderoben. Skulle nokon ankomme det lokalet i for anledningen irregulert eller irreversibelt antrekk og bekledning med markante innslag av Guppy'ar, vil den positivt oppdratte Solsikkeplanten i døra straks kaste dei ned den gardintrapp.
Publikum oppfordrast ellers til å feste sokkane godt fast med binders eller tegnestift, då eit glupsk Mangledyr frå Trøndelag ein stad er venta i sirkulere i salen med voldsom fart under arrangementet. Heldige kan få tatovert inn Silde-Iver's logoen i den panne dersom dei betaler lettare oppegåandre underhaldningspersonell med hurrarop og tjo og hei.
Silde-Iver's på Guinness Pub onsdag den 26. Mars 1997, klokka 21:30